Danger Sign
• Recent snowdrift • Område: Fylket/varslingsregion. Beskrivelse: Målte 20m/s i dei kraftigaste vindkasta. Lite snø tilgjengeleg for transport. Så sjølv om det var kraftig vind var det kun moderat snøtransport.
Avalanche Activity
• 18. Feb. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Har sett fleire str 1 og str 2, våte flakskred frå forrige mildværsperiode. Men ingen skred frå siste 24 timar.
Snow Cover
• 120 cm • Moderate snow drift • Snow line at 50 masl. Layered snow begins at 500 masl • Crust • Moist • Opp til ca 800moh er snøoverflata våt. Frå 800moh og opp til 1300moh (så høgt som eg gjekk i dag) er snøoverflata stort sett av skare. Nokre stader frå ca 1000moh og oppover, der det var innblåst fokksnø, er snøoverflata over skaren fuktig til våt 4F fast fokksnø. Denne fokksnøen verkar å festa seg raskt til skaren pga milde temperaturar, sjølv om skaren polert av vinden. Eg vil anta at høgre til fjels (over 1300moh) der det er kaldare, treng den ferske fokksnøen lenger tid til å stabelisera seg.
Ved ca 1050moh var snøen fuktig ned til bakken (1,5m tjukk snø), og dei gamle skarelaga var mjuke.
Ved ca 1280moh var snøen tørr under 15cm med smelteformer og smelt-fryse skare. Fann rim under 1F fast fokksnø på 1280moh, sjå profil.
Weather
• Hail • -0.7 °C • 14 m/s from SW ↗ • 100% clouds • Nokre haglbyger i fjellet i dag. Nede ved parkeringen på ca. 420moh kjem det som regn. Minus 0.7 grader ved 1280moh. Målte over 20m/s i dei kraftigaste vindkasta.
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of surface hoar • Within half a meter • Difficult to trigger • Possible • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, E, SE above 1200 masl • Litt usikker på kor stor utbredelse dette problemet har. Der eg fann det låg det under 15cm med skare og smelteformer frå forrige mildvær og 25cm med 1F fast finkorna snø.
• Dry slab avalanche • Poor bonding between crust and overlying snow • Within half a meter • Easy to trigger • Possible • 2 - Medium • Some steep slopes N, NE, SE above 1000 masl • Det mest aktuelle problemet
Avalanche Danger Assessment
• Obstur i Leirdalen frå 420moh opp til ca 1300moh ved Nonskar. Eg tenker at no er det største problemet fersk vindtransportert snø over skare. Sjølv om det er milde temperaturar og stabeliseringen går raskt, vert det transportert så mykje snø i fjellet no, at eg vil annta at akkurat no mens vinden står på kan ein lett løysa ut flak over skaren. Det hadde ikkje samla seg tjukke flak der eg var på tur i dag, men der det er større henteområder med tørr snø tenker eg at det kan bygga seg tjukke nok flak til at det vert eit problem. Spesielt i skjerma formasjonar. Eg fann også rim under skare og finkorna snø. Litt usikker på utbredelsen av dette problemet og om det også er der dei overliggande laga er tynnare. Men eg tok det også med som eit problem. Har ikkje sett noko kantkorn på dagens tur, har ikkje oversikt nok til å seie så mykje om dette problemet. • Skredfaren vil auka utover dagen, når det kjem meir nedbør og det fortsatt er vind. • 2 Moderate • Forecast correct